Meld deg på kurset her

Kjøp festivalpass her

Er du faktisk ganske fersk i topptur gamet? Har du venner som har holdt på en stund og du skulle ønske du hadde nokre triks på lur til både opp -og nedturen på ski? Her hjelper vi deg i gang!

Tor-Erik Moen har jobba på folkehøgskule i 10 år med elevar som har fått introduksjon og svar på dei aller fleste spørsmål som er knytt til det å gå på topptur vinterstid. Han vil trygt lose deg gjennom kva vi gjer før vi går ut og tar på oss skia, korleis vi brukar utstyret både før og under turen, samt korleis vi kjem oss trygt ned. Vi vil ikkje gå noko lang tur, vi held oss i skredtrygt terreng, men vi skal få oss eit par svingar ned igjen til hotellet. Enkel skiteknikk på gjeldande føre vil bli gitt. 

Typisk person som blir med på dette:

Fått seg utstyr for ikkje så lenge sidan, har ein venn eller to som har holdt på ei stund, og dei reiser saman til High Camp Vatnahalsen. Du blir med på dette kurset fredag, og så blir du med gjengen din på tur laurdag, eller ein av våre guida turar. Du skal då kunne følge sjargong og enkel teknikk for å kunne gå ein topptur. Det kan også vere ein vennegjeng som er ny på konseptet med feller under skia som melder seg på samla. Alle er velkonne!

Det krev at du har stått litt på ski, merk at dette ikkje er eit skikurs, men ein intro til topptur på snø.

Merk at dette kurset ikkje er i regi av Breogfjell sine guider, men av High Camp sjølv!

Pris for kuset: 300,- (går til eit veldedig formål) 

Hvilke dager går denne turen? Fredag

Maks antall deltakere: 10 stk

Oppmøte: 08.30 samme dag i festivalregistreringen.

Utstyr som kreves utover toppturutstyr: Sender/mottaker, spade, søkestang.