4. januar 2024 vil vi legge ut billettar til High Camp Vatnahalsen for sal.

Tredje året med High Camp Vatnahalsen

Vi sit igjen med særs gode erfaringar frå dei to siste åra med arrangement på Vatnahalsen, og gledar oss til å presentere eit program for vår tredje High Camp Vatnahalsen!

Betre enn nokon gang sjølvsagt!

Er du klar over at 99% av dei spurte på evalueringa frå 2023 svarte at dei ville tilbake til Vatnahalsen 2024? At 99% gidde oss 5 av 5 stjerner?

Vatnahalsen er ein unik destinasjon for skiopplevingar i Noreg, der du er omkransa av fjell, mikroterreng og val om å køyre snø i alle himmelretnigar, alt med ski og feller på frå fstivalområdet!

Og for å kome deg dit, så MÅ du med tog. Ei perle lokalisert ved Flåmsbana!

Vi arbeide på spreng for å ha eit program klart for 2024. Vi vil oppdatere her, samt på facebook og instagram.

Vatnahalsen Hotell i vinterdrakt! Foto: Lisa K. Bjærum
Vatnahalsen Hotell i vinterdrakt! Foto: Lisa K. Bjærum