Torsdag kl 20.30 + Fredag kl 08-10, kl 16-16.30 og 16.30-17.30

Felles for oss alle som ferdast i fjellet er at vi alle bør halde oss oppdaterte på snøskredvarslinga gjennom Varsom-appen eller varsom.no. Husk å last ned appen!

På High Camp er vi så heldige å få besøk av NVE og VARSOM sine ivrige skikøyrarar, i år av Emma og Vetle som jobbar med snøskredvarsling for området og fortell om gjeldane føre og forhold. Dei går gjennom varsel for helga og korleis dette bør påvirke ferdsmønsteret vårt.

Torsdag kveld
Presentasjon av det gjeldande varselet for området. Kva er skredproblemet? Korleis forstå og bruke skredproblemet? Og kva betyr faregraden eigentleg? Her vil vi sjå på nokre ferske observasjonar og vise korleis du kan lage dine eigne. Du finn Emma og Vetle i foredragssalen!

Fredag 08-10
Emma Julseth Barfod frå NVE vil vere tilgjengleg for spørsmål knytt til varselet. Er det noko som er uklårt? Noko du ynskje å diskutere? Korleis bruke bratthetskart, korleis kan du sende inn observasjonar og vere med på å betre varselet? Her er det mogleg å stille alle slags spørsmål om snøskred! Du finner Emma i Peisestova!

Fredag kl 16.00
Emma og Vetle vil presentere det rykande ferske varselet for dagen i morgon, laurdag. Har det skjedd endringar frå dagen før? Har det kome inn nokre nye interessante observasjonar? Du finn Emma og Vetle i foredragssalen

Fredag 16.30-17.30
Ope for spørsmål og/eller innspel vedrørande tema snøskred. Dette skjer også i foredragssalen!

Bli betre kjent med snøskredvarslinga sine representantar:
Emma Julseth Barfod, som er snøskredvarslar, har jobba i snøskredvarslinga sidan oppstart i 2012, utdanna siv.ing og busatt i Sogndal.

Emma Julseth Barfod, Senioringeniør / Gruppeleder for Snøskredvarslingen
Emma Julseth Barfod, Senioringeniør / Gruppeleder for Snøskredvarslingen

Vetle Dirdal er fast observatør for snøskredvarslinga og skiguide i Indre Sogn. Vetle er også utdanna friluftslærar og straks ferdig kvalifisert Nortind Skivegleiar. Bur i Sogndal.

Vetle Dirdal, Guide, friluftslærar og soon to be Nortind Skiveileder
Vetle Dirdal, Guide, friluftslærar og soon to be Nortind Skiveileder