High Camp Vatnahalsen 2026 - It's a wrap!

Nær 250 deltakarar samla seg på High Camp Vatnahalsen 26.–29. mars. No kan du sjå filmen frå årets festival – og vi gler oss til neste camp 8.–11. april 2027.

Sist oppdatert: 5. juni 2026 kl 10.59
High Camp Vatnahalsen 2026. Foto: Sindre Kvalsvik
High Camp Vatnahalsen 2026. Foto: Sindre Kvalsvik

For femte året på rad vart High Camp Vatnahalsen ein møteplass for ski- og fjellfolk frå heile landet. Frå 26. til 29. mars samla vi nær 250 deltakarar til ei langhelg fylt med skikøyring, toppturar, foredrag, konsertar, underhaldning og mykje moro i snøen.

Det viktigaste for oss er likevel menneska. High Camp Vatnahalsen handlar om å skape ein sosial møteplass der gamle og nye vener kan møtast, dele opplevingar og hente inspirasjon til nye eventyr i fjellet. Dei mange positive tilbakemeldingane vi får frå deltakarane betyr enormt mykje, og gir oss motivasjon til å gjere arrangementet endå betre år for år.

No kan du lene deg tilbake og nyte eit gjensyn frå årets festival, laga av Sivert Johan Brautaset. Filmen fangar stemninga, opplevingane og fellesskapet som gjer High Camp Vatnahalsen til noko heilt spesielt.

Ein stor takk til alle som bidrog til å gjere arrangementet mogleg. Takk til dei frivillige og crew som legg ned utallige timar før, under og etter festivalen. Takk til Vatnahalsen Hotell for vertskap i verdsklasse. Takk til alle samarbeidspartnarane og sponsorane våre – og ein ekstra takk til Fjällräven, som gjekk inn som hovudsponsor i ei treårig satsing saman med oss.

Og ikkje minst: Takk til alle deltakarane. We love you!

Vi ser allereie fram mot neste utgåve av High Camp Vatnahalsen, som blir arrangert 8.–11. april 2027. Då har vi flytta festivalen litt fram i kalenderen for å få meir dagslys og forhåpentlegvis endå fleire timar med vårsol i fjellet. Samstundes er påska over, og det vil vere fleire togavgangar til og frå Vatnahalsen.

2027 markerer den sjette utgåva av High Camp Vatnahalsen, og vi gler oss til å ønskje både nye og kjende fjes velkomne tilbake.

Festivalpass for 2027 blir lagt ut for sal mot slutten av 2026.

Har du spørsmål eller innspel? Ta gjerne kontakt på torerik@friflyt.no.

Takk for i år – vi sjåast i 2027!

Publisert 5. juni 2026 kl 10.57
Sist oppdatert 5. juni 2026 kl 10.59
Hovedsponsor
Sponsorer
Samarbeidspartnere
Arrangør