Øystein Greni er låtskrivar, vokalist og gitarist – mest kjend som frontfigur i Bigbang, eit av dei mest markante rockebanda i Noreg dei siste tiåra. Med si særeigne stemme, sterke meloditeft og eit uttrykk som spenner frå det rå og energiske til det såre og nære, har han sett tydelege spor i norsk musikkhistorie.
Gjennom både Bigbang og ein rik solokarriere har Greni levert låtar som har blitt lydsporet til mange sitt liv. Når han no kjem til Peisestua på Vatnahalsen hotell, får publikum oppleve både klassikarar og perler frå solokatalogen – tett på, i intime og stemningsfulle omgjevnader.
High Camp Vatnahalsen feirar sitt femte år, og etter sterke konsertopplevingar med mellom andre Stein Torleif Bjella, Bjørn Tomren, Daniel Kvammen og Ella Marie Hætta Isaksen, er det Øystein Greni som står for underhaldninga denne gongen. Dette blir ei heilt spesiell stund – nært, ekte og uforgløymeleg.
For våre trufaste følgarar, så hugsar de sikkert at Greni måtte avlyse tett på konserten i 2024. Då var han intervjua i Fri Flyt (+) og sa blant anna følgande:
Nei, altså, det blir meg og kassegitaren da. Litt sånn hjemme-i-stua-hos-folk-opplegg.
Vi gler oss!
Stad: Peisestua
Dag: Laurdag
Tid: 20.30
















