LEDIGE GUIDA TURAR PÅ TURTAGRØ

FREMDELES LEDIGE FESTIVALPASS HIGH CAMP VATNAHALSEN

Atter ein gang er High Camp Turtagrø utsolgt.

–Det har vore høgt trykk på festivalpass til Turtagrø sidan vi slapp billettane tidleg i januar, seier Tor-Erik Moen som er festivalsjef i 2024. Han trur grunnen til at det har vore ekstra populært i år er det gode arrangementet i 2023, samt at merkevaren High Camp Turtagrø er sterk då Fri Flyt har arrangert festivalen sidan 2001!

Ein sosial arena

-Det er mange som har sterke band til både High Camp og Turtagrø. Alt frå studentar i Sogndal som kom opp for å feste på parkeringa i stor stil tilbake på 2000-talet, til dei som tar turen over fjella frå austlandet år etter år for å gå både nye og gamle skiturar. Moen seier han snakka med ei som traff ektefellen sin på High Camp, for no 10 år sidan. Slike historier er kjekke å høyre. At Fri Flyt sine event kan vere ein arena kor den felles interessa for ski og fjell føre folk saman på mange forskjellige måtar.

Ingen fleire pass for sal

For 2024 er det solgt 500 festivalpass. Det er ny rekord og det blir ikkje lagt ut kveldspass for sal, då ein ser at kapasitet på området er på maks med solgte festivalpass. Sist år hadde vi mange som kom utan pass. Det er jo hyggeleg at så mange ynskje å kome til ein utsolgt festival utan festivalpass, men vi er ikkje dimensjonert for å ta unna fleire enn dei som er knytt til festivalen, så vi legg ikkje opp til at andre enn dei med pass vil bruke campen og fasilitetane som er knytt til festivalen.

No er det å få siste rest av programmet på plass. I år, som i fjor, blir det konsertar, foredrag, quiz, basar, og mange aktivitetar frå våre sponsorar. Her er det mange som kan stikke av med flotte premiar og ikkje minst god stemning.

Guida turar på festivalen

Vi har også eit godt samarbeid med Breogfjell som tar seg av all guiding på festivalen. Der er det nye turar på programmet, samt klassikarar som Store Ringstind og Fanaråken! Her har vi fleire ledige plassar, men er det fullt så er det fullt. Vi har dei guidane vi har, så når kurset eller turen er fullt så blir det ikkje opna for fleire plassar. Vi har heller ikkje guidar i standby for dropp-inn under festivalen. Ei populær tid å vere guide, og for å sikre oss dei beste guidane må dette bestilles på forhånd. Vi stenger vel for påmelding i mars for dei guida turane, seier Moen.