Twang - Vestlandets svar på Chuck Norris, nærmar seg 10 år samanhengande med rock 'n' roll! Reportoaret strekk seg frå Jimi Hendrix via James Brown til DumDum Boys. Med speleglede, glød og energi, er bandet eit naturleg val til eit kvart arrangement som vil ha trøkk!

Bandet kjem frå Årdal og består av Eivind Lægreid, Øyvind Aga og verdsmannen Thorbjørnsen i front. Eit besøk av desse karane er einsbetydande med gode vibbar heilt frå Turtagrø til Karasjok!

Dei spelte i fjor på High Camp Turtagrø, og med den stemninga dei lagde då så måtte me berre booke dei att!

Twang ligg no i høgdetrening for å pensle inn toppformen til High Camp og gler seg vilt og uhemma til å gje alt laurdag 6. mai. 

Det vert vilt vakkert og uhemma (ukjemma) - kjem du?

Laurdag 6.mai kl. 23.00 på festivalscena

Det vart mildt sagt god stemning under konserten i fjor. Foto: Martin I. Dalen
Det vart mildt sagt god stemning under konserten i fjor. Foto: Martin I. Dalen