2000-talls disco set punktum for High Camp-lørdagen

Vi feirar 25 år med eit skikkeleg tilbakeblikk – DJ sTormd tek deg med frå 2000-talet og fram til i dag, og rundar av både kvelden og festivalen i festivalteltet.

Sist oppdatert: 17. april 2026 kl 10.57
Recap fra 2023 med afterski i teltet. Foto: Silje Kabbe
Recap fra 2023 med afterski i teltet. Foto: Silje Kabbe

Når Kløbb Ka2 gir seg kl. 00:30, er det klart for siste kapittel av High Camp 2026 – og det blir alt anna enn stille.

DJ sTormd tek over spakane og serverer ein solid dose 2000-tals disco og hits heilt fram til kl. 02:00. Her snakkar vi låtar du har festa til, gløymt – og kjem til å hugse igjen så fort beaten treff.

Med røter frå DJ-båsen på Samfundet og over 15 år bak seg, har sTormd spelt opp til dans i alt frå Chamonix til Oppdal, Oslo og Trondheim. No sørgjer han for at High Camp får den avslutninga den fortener.

Dette er kveldens siste afterski. Årets siste dunjakkedisco.
Ein siste sjanse til å samle gjengen, ta ein dans – og runde av ei helg du ikkje vil heim frå.

Publisert 17. april 2026 kl 10.56
Sist oppdatert 17. april 2026 kl 10.57
Hovedsponsor
Sponsorer
Samarbeidspartnere
Arrangør