Folk Flest på High Camp fredag – allsang, country og irsk fest

Lokalfavorittane i Folk Flest er tilbake på High Camp – klare for å levere ein kveld med gåsehud, allsang og dansbar country- og irskinspirert musikk.

Sist oppdatert: 17. april 2026 kl 10.46

Fredagskvelden på High Camp ligg an til å bli alt anna enn stillesitjande 🔥

Eit av dei mest populære og etterspurde banda i regionen kjem tilbake til oss – og ja, dei har sjølvsagt levert varene her før. Med høg kvalitet, smittande speleglede og eit lydbilete som treff både hjartet og dansefoten, er dette rett og slett ein konsert du ikkje vil gå glipp av.

Med Einar Bolstad i spissen stiller det 7-manns sterke bandet med eit sound som balanserer rå energi og ekte speleglede. Her får du country- og irskinspirert musikk framført slik det skal – på ekte instrument: fele, banjo, mandolin, steelgitar, ståbass, gitarar og trommer, toppa med fleirstemt song som gir gåsehud.

Sidan oppstarten i 2016 har bandet spelt for fulle hus på festivalar, kulturhus og scener over heile Vestlandet – og responsen har vore like tydeleg kvar gong: dette funkar. Publikum kan vente seg alt frå kjende klassikarar til skjulte perler innan country og irsk tradisjon, krydra med norske favorittar. Her går det i alt frå The Dubliners og The Pogues til Hellbillies og Dolly Parton.

Kort sagt: Perfekt for deg som vil synge med, ta ein svingom – eller berre nyte skikkeleg bra livemusikk.

Hvor: Festivalteltet
Når: Fredag kl 22:30

Publisert 17. april 2026 kl 10.46
Sist oppdatert 17. april 2026 kl 10.46
Hovedsponsor
Sponsorer
Samarbeidspartnere
Arrangør