High Camp Turtagrø 2026 – 25 år med ski, fjell og fellesskap

Nær 700 menneske samla seg på Turtagrø 7.–10. mai for å feire 25 år med High Camp. Her er filmen frå jubileumshelga – neste år møtest vi igjen 28. april–2. mai 2027.

Sist oppdatert: 5. juni 2026 kl 12.15
High Camp Turtagrø 2026. Foto: Magnus Nyborg
High Camp Turtagrø 2026. Foto: Magnus Nyborg

High Camp Turtagrø feira i år 25 år som møteplass for ski- og fjellfolk – og jubileet vart markert på beste vis. Frå 7. til 10. mai samla vi nærmare 700 deltakarar på Turtagrø og Turtagrø Hotell til fire dagar med fjelliv, opplevingar og gode møte mellom folk.

Dei første dagane baud på strålande sol og fantastiske forhold, før vêret endra seg litt laurdag og gav dagen ein annan karakter. Sjølv om forholda skifta, heldt stemninga seg på topp heile vegen. Det vart eit variert program med underhaldning, aktivitetar og mykje moro – akkurat slik High Camp Turtagrø skal vere.

Denne festivalen handlar først og fremst om fellesskap. Gjennom 25 år har High Camp Turtagrø utvikla seg til ein viktig møtestad for alle som elskar ski, fjell og gode opplevingar i lag med andre. Årets jubileumsutgåve viste igjen kor sterk denne tradisjonen er.

Jubileumsutgåva er over, men planlegginga av neste festival er allereie i gang. Sett av datoane 28.april –2. mai 2027. Vi ser fram til å samle ski- og fjellfolk på Turtagrø igjen til ei ny langhelg med opplevingar, inspirasjon og godt selskap.

No kan du få eit gjenglimt frå festivalen, laga av Sivert Johan Brautaset. Filmen fangar mykje av stemninga frå jubileumshelga, frå dei store opplevingane i fjellet til dei små augeblikka som gjer High Camp Turtagrø heilt spesiell.

Vi vil rette ei stor takk til alle som gjorde arrangementet mogleg. Takk til dei frivillige som legg ned ein enorm innsats, til Turtagrø Hotell for vertskapet, til alle sponsorane våre, og sjølvsagt til Fjällräven, som også her er ein viktig del av satsinga vår. Takk òg til alle deltakarane som kom og skapte liv, glede og energi gjennom heile helga.

Dei mange positive tilbakemeldingane vi får, betyr mykje. Dei gir oss motivasjon til å vidareutvikle High Camp Turtagrø som ein endå sterkare møteplass for ski- og fjellfolk i åra som kjem.

Ta gjerne kontakt med torerik@friflyt.no om du har spørsmål eller innspel.

Og viktigast av alt: nyt filmen – og takk for i år. Vi ser fram til mange nye år med High Camp Turtagrø.

Publisert 5. juni 2026 kl 12.10
Sist oppdatert 5. juni 2026 kl 12.15
Hovedsponsor
Sponsorer
Samarbeidspartnere
Arrangør