Parkering under High Camp Turtagrø – viktig informasjon

For at High Camp Turtagrø skal fungere best mogleg for alle, er det viktig at parkering skjer riktig. Sjå parkeringskartet, følg merkinga, og vis omsyn – både til andre deltakarar og til dei frivillige parkeringsvaktene.

Sist oppdatert: 30. april 2026 kl 08.48

Bussbillett kjøper du her - les meir

Parkering under High Camp Turtagrø

For at High Camp Turtagrø skal gjennomførast på ein trygg og smidig måte, er vi heilt avhengige av at alle følgjer parkeringsreglane. Sjå illustrasjonen for oversikt over kvar du kan parkere – og kvar det er parkering forbodt.

Det vil vere parkeringsvakter på området. Desse er frivillige som bidreg til at arrangementet skal fungere best mogleg for alle. Vi ber om at de følgjer instruksjonane deira, og møter dei med respekt. Er du i tvil om kvar du kan parkere, spør gjerne.

Det er svært viktig at alle respekterer område som er merka med «ingen parkering» eller «parkering forbodt». Desse områda må haldast opne for utrykningskøyretøy, varelevering, brøytebilar og annan nødvendig logistikk.

Det er ikkje tillate å parkere framfor hotellet eller i innkøyringa til hotellet. Dette området må til ei kvar tid vere tilgjengeleg for drift av arrangementet.

Vi har to større fellesparkeringar, i tillegg til moglegheit for parkering langs vegskulder der dette er tillate. Parker så tett som mogleg slik at flest mogleg får plass. Kjem du med bubil, kan du ikkje ta opp meir enn éin parkeringsplass.

Det er ikkje mogleg å lade elbil på Turtagrø, så dette må gjerast før ankomst.

For å redusere trafikk og parkeringsbehov oppmodar vi til å nytte transporttilboda våre. Det er framleis ledige plassar på fellesbussen frå Oslo torsdag morgon (med retur etter arrangementet). Under High Camp har vi også fem 9-setarar som køyrer shuttle, samt ein 48-seters buss som køyrer to avgangar dagleg til Krossbu. Alt dette er inkludert i festivalpasset.

Vis omsyn, følg merkinga – og bidra til at alle får ei best mogleg oppleving under High Camp Turtagrø.

Publisert 30. april 2026 kl 08.48
Sist oppdatert 30. april 2026 kl 08.48
Hovedsponsor
Sponsorer
Samarbeidspartnere
Arrangør